SkoleMagasinet nr2

14 N K U L 2 0 2 4 S K O L E M A G A S I N E T 2 / 2 0 2 4 Vidar Alfarnes (tekst og foto) Leikande tilnærming til GDPR Normalt ville ein gjerne ha tenkt at dette ikkje er noko hyggeleg å få slengt etter seg. Men «Basic Personvern-Bitch» er tvert om ein heiderstittel. – Ja, eg har teke eit kurs som jurist Ida Thorsrud står bak, og gjort meg fortent til både diplomog tittel, smiler Ingrid Sætrevik. Det gjer at ho er kvalifisert til å vera domar for ein ivrig gjeng på ein NKUL-sesjon i regi av KS. Der det handlar om å nærme seg kunnskap om personvern og informasjonstryggleik på ein leiken og uformell måte. – Godt personvern har aldri vore viktigare. Difor er det også flott å kunne lage ei positiv tilnærming til eit tema somgjerne ikkje er av det mest spennande slaget. Det er ikkje så stor skilnad på vaksne og barn. Vaksne likar også å ha det litt kjekt. Dette somvi gjennomfører i dag, er ein type aktivitet som passar perfekt som eit lærande avbrekk i fellestid, eller på planleggingsdagar i skule og barnehage, seier Sætrevik. Stor aktivitet Dei påmelde vert delt inn i par, og snart startar 50-leiken. Det vil seie at 50 ark med spørsmål og påstandar kring temaet GDPR ligg spreidd utover golv og bord i romR23. Alle triller ein terning for å sjå kva ark-nummer dei skal leite etter. Når arket er funne og deltakarane har diskutert svaret, gjeld det å kome seg raskast mogeleg i køen framfor Sætrevik. Svarar ein rett, plussar ein på med neste terningkast. Slik held ein på heilt til nokon har kome til 50. Får dei godkjent svaret sitt hos domaren, er vinnarane kåra og spelet over for denne gong. Christian S. Larsen frå KS følgjer det hektiske opptrinnet med stor interesse. – Det vert kanskje ikkje veldig mykje enklare å forhalda seg til GDPR, om ein leikar seg litt med terningar og nummererte ark med spørsmål på. Men det skapar meir merksemd kring temaet. Noko som i sin tur gjerne gjer det meir ufarleg å nærme seg. Krev litt varsemd – Veldig mange kommunar og skuleeigarar seier rett ut at personvern og informasjonstryggleik er vanskeleg. Så vanskeleg at dei rett og slett set det litt på vent, i staden for å gjere nokomed det. I ein slik kvardagmå vi prøve å vere litt kreative. Slik vi er med dette pilotprosjektet som er å finne i Skolesec, ope og tilgjengeleg for alle, fortel Larsen. Han trur at vi berre må innsjå at med den plattformiseringa som er i samfunnet - med store aktørar som held til heilt andre stader enn i Norge, EU og EØS –må vi rett og slett I digitaliseringens tidlig fase var det nærmest opplest og vedtatt at bruk av datamaskin og programvare ville gjøre skoledagen lettere ogmed meningsfull for barn og unge med spesielle behov. Basert på en sann historie om en hørselshemmet VGS-elev, fikk vi innsyn i hvordan en ungdom har lært å kombinere ulike teknologier for å tilegne seg kunnskap og forståelse, og selv gjøre seg forståelig. For denne eleven er mikrofonen et sentralt hjelpemiddel. I kombinasjon med mottaker, diktering, AI, en blyant og et papir får denne Digitale verktøy gir nye muligheter Et mye brukt mantra i debatten om digitalisering i skolen er dette: Det er ikke teknologien i seg selv, men bruken som avgjør hvilken plass den skal ha. EldarDybvik gutten både god tilgang til lyd og til undervisningen i sanntid. Samtidig setter verktøykassen hamogså i stand til å utvikle kritisk tenkning og ta gode notater for ettertiden. Her har han lært seg kreativ bruk av AIbasert støtte til bearbeiding og renskrivning av notatene. Etter hvert som den teknologiske utviklingen har gått videre, ser vi at metodene og prinsippene for støtte til en elevmed hørselstap, også kan være relevante for alle, uavhengig av hørselstap. Ved bruk av tilgjengelig teknologiske verktøy rykker muligheten for tilpasset opplæring for alle nærmere. Tilpasset opplæring som tidligere var var betegnet som en utopi, kan nå bli virkelighet. En fascinerende tanke. AndersWicken Ølander er utdannet audiopedagog, og har som rådgiver i Statped fagavdeling hørsel lang erfaring med veiledning knyttet til tilrettelegging for elever med hørselstap i skolen. Kristoffer Byberg (t.h.) og Tor Martin Smerud frå Aski Raski argumenterer for svaret sitt i møte med domar Ingrid Sætrevik. Ingrid Sætrevik – Det er flott å kunne lage ei positiv tilnærming til eit tema som gjerne ikkje er av det mest spennande slaget, smiler den sertifiserte «Basic Personvern-Bitchen». vere veldig varsame med kva vi gjer. Retten som kvar og ein har til å bli gløymd, er godt forankra. Det er ikkje sikkert vi klarar å oppretthalde han, omvi ikkje gjer dei rette tinga når vi tek i bruk nye løysingar. – Kanskje er det ikkje så dumt om ein tek seg litt tid. At kommunane ventar på retningsliner frå sentralt hald. At dei kikkar til nabokommunane. Ser kva Odin Nøsen gjer med KI i Randaberg-skulen. Vi lærte heldigvis ei lekse under pandemien. Då var det mykje tut og køyr, noko som fekk ganske store negative konsekvensar, seier Christian S. Larsen.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==