SkoleMagasinet nr3

11 S K O L E N I D I G I T A L U T V I K L I N G S K O L E M A G A S I N E T 3 / 2 0 2 4 filmen som dei har kjøpt rettane til, har eit Oscar-potensiale over seg. Til VG seier han mellom anna: – Dette er ein utruleg vakker film, og ikkje minst veldig nyskapande i måten han fortel historia, med god hjelp frå videospel-teknologi. Netflix har også ein god historikk når det kjem til Oscar-statuettar i klassa for dokumentarar. Men skal ein vinne fram i Oscar-samanheng, er ein heilt avhengig av kinovisningar over heile verda. Oscar-akademiet som røystar fram finalistane. er sett saman av 67.000 utvalde personar frå 32 land. Kanskje vert det produsert hundre tusen filmar i løpet av eit år, og då seier det seg sjølv at det er mange som prøver å få vist filmen sin til flest mogeleg av medlemmene i denne gigantiske «juryen». Og i denne konkurransen omvisningar har Netflix satsa tungt på å få rulla ut filmen omMats. Over heile verda. I det arbeidet ønskjer dei også at familien hans gjerne er på plass. Iallfall i dei store og viktige byane. Parallelt liv – Så ja, det har vore travelt, røper det faderlege opphavet til den avlidne hovudrolleinnehavaren. Pappa Robert og mamma Trude tenkte til liks med dei fleste andre at sonen døydde etter å ha levd eit svært avgrensa og fattig liv. Stort sett alltid framfor ein skjerm. Så viste det seg at Mats alias Ibelin hadde gjort inntrykk på veldig mange andre i det store gaming-universet World of Warcraft. Under gravferda dukka fleire av desse opp, og litt etter litt måtte sanninga om livet til Mats skrivast om. Alt det han ikkje kunne gjere i sitt eige liv, levde han ut gjennom avatarane Lord Ibelin Redmoore og JeromeWalker. To figurarar som til saman representerte dei sidene av Mats som han på grunn av alvorleg sjukdom ikkje kunne få realisert, i denne verda somvi alle kjenner. Godt at det då var eit univers der han kunne vere like god som alle andre. Og vel så det. Meir i vente –Det går ikkje an å skilje livet og samfunnsutvikling, frå skule og skuleutvikling. Det trur eg Robert Steen – Det er nok mange sommeiner at debatten kring skjermbruk i skulen har vore mykje meir prega av anekdotar, kjensler, tru og tvil, enn av fakta. Med ekspertutvalet sitt arbeid på bordet, vert det forhåpentleg ein betre forankra debatt i tida som kjem, seier han. (Foto: Oslo kommune) Mats Steen hadde ein medfødd muskelsjukdom, som gjorde at han var lenka til rullestolen i veldig mange år. Då han døydde i 2014, 25 år gamal, tenkte nok mange at han hadde levd eit svært avgrensa og fattig liv. Men det var det ingen andre som tenkte om Lord Ibelin Redmoore (t. h) i gaming-universet World of Warcraft. (Foto: World of Warcraft and Blizzard Entertainment/Netflix) dei fleste i skuleverket er samde om. Difor er også denne historia omMats ei historie om generasjonen min. Omvårt forhold og vår haldning til barn og unge sin skjermbruk, og ikkje minst vår manglande evne til å setje oss inn i det og forstå det. Det er eit anna ogmeir vidareutvikla samfunn vi skal førebu dei unge til. Difor trur eg også historia omMats og livet hans passar i ein skulesetting, fortel Robert Steen. Og som dei seier i film- og seriesamanheng: To be continued. Live at Clarion Hotel & Congress Oslo Airport. Frå morgonen av 13. november 2024. Under opninga av konferansen «Skulen i digital utvikling». Filmen omMats kom ut på starten av 2024, og har hausta mange prisar både i inn- og utland. Netflix har kjøpt rettane, og frå 25. oktober kan heile verda få oppleve «The Remarkable Life of Ibelin». I tillegg køyrer strøymegiganten eit løp for å få den norske filmen nominert til Oscar-utdelinga i kategorien dokumentarar. (Skjermbilete Netflix)

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==