6 S K O L E N I D I G I T A L U T V I K L I N G S K O L E M A G A S I N E T 4 / 2 0 2 4 Frå naiv entusiast til ein smule demotivert Ho var definitivt mellom dei som gjekk i bresjen for digitaliseringa i skuleverket. Og minnest framleis dei første åra med stor glede. Men nett no er Lin Marie Holvik ikkje heilt nøgd med utviklinga. Vidar Alfarnes (tekst og foto) – Eg har fått i oppgåve å snakke om digitalisering, skuleleiing og samfunnsutvikling dei siste 25 åra. Det må vel kunne seiast å vere eit rimeleg stort tema, startar ho som i dag er rektor på gigantiske Thor Heyerdahl vidaregåande skule. – Det er mykje «greier» som har skjedd på alle desse åra, om vi skal sjå det i eit gigantisk perspektiv. Det er jo ikkje noko som liknar på noko lenger. Iallfall ikkje på den verda som var. Samfunnsstrukturane er heilt endra, og då grip det jo sjølvsagt også inn i skulekvardagen. Vart påverka Så smiler ho opp, og byrjar å snakke om ei hending i 2015. Det var i dei dagar då Torbjørn Røe Isaksen (H) var kunnskapsminister, og han hadde nett skrive eit rimeleg strengt innlegg i Dag og Tid. Der tok han for seg den naive entusiasmen som han meinte prega digitaliseringa i skulen. – Det ville han ha slutt på. På den tida var eg rektor på Nordahl Grieg vgs i Bergen, og der hadde vi nett opna eit gaming-rom. Røe Isaksen var jo eigentleg ein fin fyr, og eg inviterte han like godt til å prøve ut dette nye rommet, saman med dei ivrige elevane våre. Han kom, og han let seg inspirere og rive med. Trur ikkje eg har sett ein statsråd som har vore meir naiv entusiast enn det Røe Isaksen var denne dagen. Men han hadde heldigvis også denne evna til å la opplevingar og nytt tankegods påverka ståstaden hans, fortel Holvik, aldri så lite oppglødd. Kritisk til statsråden Før toneleiet legg seg ned nokre hakk: – Eg er ikkje heilt sikker på at vi har ein statsråd i dag som evnar det same. Og eg kan jo seie det, sidan eg sjølv er med i Arbeidarpartiet. Det er jo frå sine eigne ein skal ha det. For eg har eigentleg tenkt å kritisere ho Kari (Nessa Nordtun). Eg er eigentleg ikkje så veldig nøgd. Ho har vore på besøk hos meg i Larvik, men eg veit ikkje om ho kjem att. Eg ønskjer jo ikkje regjeringsskifte heller. Veit jo ikkje kva Sylvi Listhaug kjem til å stå for. Men utviklinga går i feil retning. – Eg vert rett og slett demotivert, og det har eg ikkje lyst til å bli. Eg vil ha ein statsråd som motiverer meg. Det kan ikkje vere slik at eg som rektor må reise på konferansar og treffe kollegaer for å bli motivert. For det gjer eg verkeleg. Men eg vert ikkje motivert av å heile tida høyre kor dårleg det står til. Rein populisme – Vi høyrde jo statssekretær Sindre Lysø i opningsforedraget. Det er ein kar eg likar veldig godt. Men når bodskapen til oss berre vert ei lita setningmot slutten, om at eigentleg står det bra til, ja då er det ingen her somvert løfta opp. Difor hentar dei også meg, for å få nokon som snakkar rett frå levra, og seier det som må seiast. –Og i ein kvardag som krev oss meir enn nokon gong, er det spesielt at makta brukar flaumljoset på mobilbruk og russefeiring. Er det dei viktigaste sakene i skulen i dag? Eg finn ikkje andre ord på det enn populisme, sukkar Holvik. Store utfordringar – I dag handlar det meste om at skulen skal vere saumlause saman med samfunnet. At vi er ein del av det store bilete. Lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er eit svare strev for ei skuleleiing å operere i eit slikt landskap. Den skulen eg leier er ein kjempesvær yrkesfagskule. Når eg då skal samarbeide tett med eit næringsliv som er enormt teknologodrivne, er det krevjande. Men det er forventa avmeg. Og det stoppar på ingen måte der. – Konteksten du opererer i handlar jo om uendelegmykje meir enn teknologi. Fattigdom, migrasjon og heilt nye familiestrukturarar. Mange barn og ungdomar opplever vald og misbruk i nære relasjonar. Eg går også altfor ofte i gravferder til ungdomar som har teke sjølvmord. Lista er lang. Må samla feltet –Men kor er det statsråden vel å ha fokuset sitt? Eg vert fortvila. Med alle dei viktige oppgåvene vi har, er det nokon heilt på toppen som har funne ut at det viktigaste er på kome skjermbruken til livs. Og som det vart sagt her tidlegare. Skulen var jo så godt sommobilfri allereie. Dette visste lærarane i grunn- og vidaregåande skule. Det var ikkje naudsynt å setje flaumljoset på. Og for eit par dagar sidan leika statsråden segmed tanken om at eksamen igjen burde skje med papir og blyant. Kanskje forsvinn digital kompetanse som ferdigheit? Kven veit? – Eg har sagt det til både Utdanningsdirektoratet, til Lysø og til statsråden sjølv. Vi treng nokon som dreg dette saman med oss. Det kan ikkje vere konferansevertar og forskarar sitt ansvar å halda oppe gløden. Eg meiner ikkje at vi skal vekkje Nasjonalt senter for IKT i utdanninga til live att. Men vi treng definitivt eitt eller anna som samlar heile feltet, og som kan inspirere og hjelpe oss på den viktige vegen vidare. Heilt på toppen – Vi har ein utanforskap i dette landet som kostar Staten 73milliardar kroner. Vi har eit ekstremt endra arbeidsliv der ute, og dei skrik etter digital kompetanse. Korleis skal vi bli innovative og nyskapande? Det er total mangel på innovasjonsmoral i Norge. Korleis skal vi endre på det? Kven skal inspirere oss? Vi må jo lære ungdomane vore at dei skal hive seg uti, og prøve og feile. Og prøve på ny. Og fortelje dei at vi bakkar dei opp. Vi må både vere berekraftige, samt få til ei digital samfunnsutvikling, seier Holvik. Før ho avsluttar med det aller viktigaste: – Vi må klare å få med oss alle ungdomane. Eg bruker meir tid på dei som står litt på utsida, enn eg gjer på noko anna. Vi må gjere gode arbeidsfolk av dei også. Vert for mange menneske ståande utanfor, vaklar til slutt heile samfunnet vårt. Det er vi som er systemet, og det er vi sommå hjelpa ungdomane inn. Det siste til spontan applaus frå ein sal full av skuleleiarar, med eit stort hjarte både for elevane og digitaliseringa. Lin Marie Holvik – Å vere skuleleiar i dag er krevjande. Eg brukar nok aller mest tid på dei som står litt på utsida. Samstundes skal eg levere elevar vidare til eit næringsliv som skrik etter digital kompetanse. Då er gjerne ikkje oppskrifta til kunnskapsministeren den rette, seier rektordn på Thor Heyerdahl vgs.
RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==