10 S K O L E N I D I G I T A L U T V I K L I N G S K O L E M A G A S I N E T 3 / 2 0 2 4 Om skjermbruk og kinosuksess Det siste året hans har meir enn noko anna vore prega av skyhøg reiseaktivitet. Av to særs gode grunnar. Som leiar for det regjeringsoppnemnde skjermbruksutvalet, har han og dei andre medlemmene teke seg rundt både i inn- og utland, for å hente erfaringar, innspel og ikkje minst fakta om bruk av digitale hjelpemiddel mellom dei yngste i samfunnet. I tillegg har Steen og resten av familien opplevd ein enorm suksess med dokumentarfilmen som er laga om sonen Mats, som døydde attende i 2014. Av ein muskelsjukdom, berre 25 år gamal. Filmen kom tidleg i år, og vart kåra årets norske film under Amanda-utdelinga, seint i august. Då hadde filmen «Ibelin» allereie opplevd stor suksess på filmfestivalar i utlandet. Frå 25. oktober vert filmen tilgjengeleg på Netflix. Då under namnet «The Remarkable Life of Ibelin». Meir om dette seinare. Dei første ut To dagar før konferansen på Gardermoen, skal Steen og resten av ekspertutvalet overlevere NOU-en til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og barne- og familieminister Kjersti Toppe. –Med foredraget «Korleis påverkar og forandrar teknologien oss», vert deltakarane på skuleleiarkonferansen dei aller første eg kjem til å snakke med, etter overleveringa. Det ser eg fram til. Og berre så det er sagt med ein gong: Utvalet er ikkje særskilt glad i uttrykket skjerm. For dette handlar jomeir om den totale opplevinga, uavhengig av korleis ein tek det inn. Arbeider vårt har omfatta barn og unge i aldersgruppa 0 til 19 år. Mandatet sa at vi skulle sjå på helse-effektane av den digitale bruken. Både den fysiske ogmentale biten. Vi har sett på den reint læringsmessige påverknaden, både i barnehage og i skulesamanheng. Vi har sett på den kognitive utviklinga, som rett og slett har med hjernane våre å gjere. Den sosiale påverknaden høyrer også med. Relasjonar, mobbing og alt slikt. Og så har vi prøvd å finne ut kor tilfredse dei unge er i liva sine. Påverkar den digitale bruken korleis dei har det i eigne liv? Kort fortalt har vi sett på alle sidene av livet til denne aldersgruppa, smiler Steen. Det er mange spennande gjester på plakaten til årets konferanse om skulen i digital utvikling. Det spørst likevel om ikkje Robert Steen er noko av det mest aktuelle ein kan få tak i, midt i november 2024. Vidar Alfarnes Fakta og gode råd – Det har vore eit privilegium å få halde på med ei såpass sentral problemstilling. Og dette er jo på ingen måte noko særnorsk fenomen. Vi har hatt mange og gode møter med tilsvarande ekspertar frå Europa, USA og andre som jobbar med mykje av det same somoss. Vi har fått god innsikt i kva tyskarar, hollendarar, amerikanarar, svenskar og danskar tenkjer og gjer på desse områda. Oppgåva til utvalet er å samle inn kunnskap. Regjeringa er ute etter å få tak i breiast mogeleg kunnskap. Kva er det vi veit, og kva er det vi ikkje veit omkorleis skjermen påverkar barn og unge? Der utvalet ser at dei har eit avklart kunnskapsgrunnlag, skal dei også gje råd til regjeringa. – Vi seier noko kva moglegheiter og kva utfordringar som ligg innanfor dei ulike områda. Litt om kva ein kan gjere for å utvikle vidare dei positive svara, og gjerne også avgrense dei utfordringane somvi har avdekka. Treng eit fundament Det er ingen tvil om den stadig aukande polariseringa mellom heimog skule - i debatten om bruk av digitale verktøy i undervisinga - er mykje av årsaka til at regjeringa ønskjer seg uhilda ekspertuttalar. – Vi opplever også at dette er bakteppet for det arbeidet vi har halde på med i snart halvtanna år. Regjeringa ønskte seg eit uavhengig kunnskapsgrunnlag til å basere debatten på. Dei såg som alle andre at temperaturen tok seg opp, og mykje av det som har vorte servert i stor grad har basert seg på anekdotar, kjensler, tru og tvil, og i langt mindre grad på fakta. Med ekspertutvalet sitt arbeid på bordet, vert det forhåpentleg ein betre forankra debatt i tida som kjem, seier Steen, som ser fram til å presentere fleire av funna. Oscar-potensiale Men så var det filmen. Ein ting er at Netflix gjer historia om livet til Mats tilgjengeleg for heile verda. Sjølvaste sjefen i selskapet, Ted Sarandos, har også vore veldig tydeleg på at Robert Steen Han er leiar for det regjeringsoppnemnde skjermbruksutvalet. 11. november skal dei overlevere den endelege rapporten til statsrådsduoen Kari Nessa Nordtun og Kjersti Toppe. – Det har vore eit privilegium å få jobbe med ei så sentral problemstilling. Og ikkje minst saman med så mange dyktige fagfolk, fortel han. (Foto: Byggmesteren)
RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==