SkoleMagasinet nr2

28 K R O N I K K S K O L E M A G A S I N E T 2 / 2 0 2 4 No har vinden snudd. Politikarar og foreldre er redde den kommersielle digitale styring av barna, i fritid og skule. Skjermtid er fyordet, utan å skilje underhaldning/ læring. Eit stygt Stavangereksempel: Politikarane vedtok haust 2022 å venta med utdelinga av Chromebooks til 1. klasse til etter jul, for å redusere skjermbruk i skulen! Ein rektor protesterte i Stavanger Aftenblad på vegne av alle rektorane: Politikarane hindra effektivt alle skolane der barna byrje SKRIVE på Chromebooks frå dag 1. I staden kunne barna fortelje heime at denne veka hadde dei «lært» to bokstavar, I og S, som dei skreivmed blyant! Heime kunne dei i tillegg køyre ein reklamevideo for å støtte ABC bok og handskriving. «Å skrive er lettare enn å lese, fordi barnet skriv eigne tankar med eigne hender, men les vaksnes tankar skrivne med vaksne hender: jf. ABC boka (Montesorri 1912). Forskning dei siste 50 åra har bekrefta Montessori. (Hagtvedt 1988 er eit seint norsk eksempel) Dette gjeld handskriving. Digital skriving er enklare enn handskriving. Det er dokumentert av masseundersøkingar «Writing to Read» frå 1988/ 1992 og 38 amerikanske studier frå 1990-2002 (Goldberg 2003, Kulik 2003). og bekrefta avmin forskning 1999-2002 i 14 Arne Trageton, pensjonert 1. amanuensis ASL - Att skriva sig till läsning -tekstskaping på datamaskin Når skreiv du sist lengre handskrivne tekster? For meg var det hovedfagsoppgåva i pedagogikk i 1977. Ei dyktig dame maskinskreiv mi handskrivne tekst til forståeleg vurdering. På 1980 talet vart det slutt på at lærarstudentar kunne levere inn handskrivne praksisrapportar. Rundt 2000 var begeistringa for datamaskiner og internett i skulen kjempestor, jo meir, jo betre. Teknologar og kommersielle firma såg ein enormmarknad i skulen. Ipad lesebrett marknadsførd mot skolesjefar og rektorar (som hadde alle sine dokument på lesebrett). For skriving fungerar dei dårleg, dersom ein ikkje kjøper separat tastatur for trykkfølsom innøving av 10 fingersystemet. Motorikken vert meir allsidig for alle fingrane, enn handskriving med høgre hand (stakkars venstrehendte). klassar i 4 nordiske land: Langt høgre skrivenivå, lett overgang til lesing, reduserte leseproblem, betre motivasjon, auka munnleg samspel og samarbeid. Etter tre år låg «dataklassane» i gjennomsnitt eit år føre «handskriveklassane» i testar på skriving av eventyr og sakprosa. Dei las meir og lengre bøker enn «handskriveklassane» Utsett handskriving til 3. klasse gav BETRE handskriving på langt kortare tid. Gutane i 3. kl. sa: Det er jo enkelt! Etter læreplan 2020 skal ein også meistre handskriving ved utgangen av 2. klasse. Vent til slutten av skuleåret med eit kort kurs og enkel heimelekse! Læreboka «Å skrive seg til lesing» (2003) vart omsett til dansk, svensk og finsk. Foreldreheftet kom i ny utgåve 2010. 2014 kom ny svensk utgåve i relasjon til ny læreplan frå 2011. Nye kapittel om barnehage og 4-6. klasse. Kapitlet Skoleutvikling og aksjonsforskning 1999-2013 fortel kva som hadde skjedd i dei nordiske landa. Facebookgruppe på tusenvis av lærarar som praktiserte ASL, nordiske kurs for 30-40000 lærarar avmeg og «mine nordiske disiplar», kanskje 250 bachelor gradar, 40-50 mastergradar, 4-5 doktorgrader og 6-8 postdoktorprosjekt. Sterk motstand frå leseprofessorar på svenske universitet som følte sin dominans trua av den nye skrive/leseforskningen. (Google Scholar rapporterar framleis 90% leseforskning, 10% skriveforskning). Like etter mi oppdaterte bok, kom forskarane Hultin/Westman med bok somogså heitte «Att skriva seg till läsning» Dei viste erfaringar og analyser av den kvalitative utvikling i Sandviken, med svært lange og rike tekster. Ingen samanlikning med «handskriveklassar». MonaWiklander utvikla STL+ med utsett handskriving til 2. klasse (tilsv. norsk 3. kl) I Sollentuna nådde Genlott oppsiktvekkande resultat i 1. klasse (tilsv. norsk 2. kl) Dei lengste historier på laptops var 2800 ord, ein dyslektiker klarte 700 ord! (sjå video 47 på www.arnetrageton.no) Effektiv vidareutvikling avmin strategi var: Tekstene vart lagt på intranett. Parskrivarane fremja munnleg kompetanse og dei gav kvarandre positiv respons og framlegg til forbetringar, eks: «Det var en jättebra saga, men det fattas en del punkt och stor bokstav» . Råda vart lest og å vart den forbetra versjonen lagt ut på internett. Medelever, foreldre og besteforeldre kunne her lesa spanande tekster. Dette vart starten på ei mindre pionerforskning. Seinare er 502 elever følgd over tre år. (Sjå Genlott/Grønlund iWTR in Computers in Education 2016). Genlott tok mastergrad og så doktorgrad. Resultata på dei nasjonale skriveprøvene i 3. klasse (norsk 4. kl) gav langt betre skriveresultat enn «handskriveklassane» , også i lesing og matematikk. Men dårligst presterte kontrollgruppa som hadde rikeleg datautstyr, men utan systematisk skrive seg til lesing strategi! På www.arnetrageton.no English articles er mine internasjonale presentasjonar og litteraturtilvisingar. Forskning i seinare år, sjå Google Scholar. Norge innførde i 2006 kompetanser for det 21. hundreåret: Å uttrykke seg munnleg og skriftleg, lese, regne, og digital kompetanse, i alle fag og temaområder. Det viktigaste er: Effektiviser digital skriving, meistre søking og kritisk kjeldevurdering på internett. Det er faktisk lite forskning som dokumenterer læring på alle andre områder av digitalbruk i skolen. Derfor: Minst mogeleg skjermbruk der barnet er konsument. Det berre forsterkar ABC bøkene sin mangel på elevtilpassing. Kraftig styrking av klasse- og skulebibliotek med interessante bøker tilpassa barna sitt skrivenivå og interesseområde. Det skrivande barnet er produsent av eigen læring, med kritisk avsløring av juks og fake news på internett og populære underhaldningskanalar. Sentralt for neste generasjons vakt om eit demokrati i sterk fare.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==