SkoleMagasinet nr2

21 N K U L 2 0 2 4 S K O L E M A G A S I N E T 2 / 2 0 2 4 Vidar Alfarnes (tekst og foto) Byscenen var skifta ut med Studentersamfundet, og inn frå venstre kom eit av student-storstova sine eigne husband. Bak namnet Leisure Suit Lovers gøymde det seg eit aldri så lite orkester, med stort hjarte for diskomusikk. Med smått og stort talde dei 17 personar, og hadde definitivt ei rekkje med blåseinstrument, som på sitt beste gav oss assosiasjonar i retning Sambandet til Åge Aleksandersen. Men før ein kom så langt hadde kring 700 av deltakarane på NKUL fylt opp både stolar og trappetrinn i den ikoniske «sirkusmanesjen». Og snart kunne ein svært opplagt Lars J. Liknes ønskje velkomen til Teachmeet. Grønt og spennande Eit arrangement der lærarar på førehand hadde meldt inn at dei er interesserte i å dele gode tips og velmeint tankegods med publikum. Enten som eit innlegg på to eller femminutt, og der eit digitalisert lykkehjul ordna namn og rekkefølgje på dei som fekk kome opp på scena og dele. Det blei på ny ein fin seanse med mange fjes som ein har sett før, men også ein og annan debutant. Øyvind OpheimRise frå Knappskog skule var førstemann ut, og nytta høvet til å slå eit slag for alt det spennande du kan få til med eit stort grønt lerret, eller ein grønmåla vegg. – Veldig kult. Du kan til dømes gå på månen. Ny debutant Jone Nyborg frå NDLA viste korleis ein med hjelp av transkribering kunne få teksta små filmar som ein hadde spelt inn. Marianne Hagelia frå Høgskulen i Østfold var tradisjonen tru ein kjapp tur innom Teachmeet-scena, med nokre nye småtips frå den digitale verda. Gitte Gjersdal frå Vaksenopplæringa i Nydalen var på sitt første NKUL for ti år sidan, og debuterte samstundes på det aller første Teachmeet-arrangementet. Ti år seinare var ho attende på scena saman med kollega Andreas Siljeholt Høidal, somvar på sitt aller første NKUL. Og til liks med Gjersdal nytta også han sjansen til å stupe ut i det. Saman snakka dei om eit rimeleg vellukka pilotprosjekt, for ukrainarar som hadde kome rimeleg bakpå i norskopplæringa. Deler med glede Så var det tid for eit fyrverkeri av ei dame. Gry Jacobsen er lærar på Grimstad ungdomsskole, skulebibliotekar, engasjert i kommunale prosjekt, samt programutviklar på Universitetet i Agder. Ho er også forfattar av spennande bøker, særskilt mynta på ungdom. Ogmest av alt er ho oppteken av å dele med andre det ho har bygd opp i sitt eige univers. Du finn det på gryjacobsen.com – Bruk det. Eg har sjølv fått så mykje fint frå andre. No er det min tur til å gje attende, sa den svært språkinteresserte og digitalt kompetente læraren frå Sørlandet, frå scena i Studentersamfundet. Onsdagskvelden baud også på innlegg om skaparkraft i skuleJubileumsfeiring på Samfundet NKUL runda 30 og Teachmeet-arrangementet til Norsk pedagogisk dataforeining skulle på lufta for tiande gong. Slikt vert det fest av. kvardagen. Om analog maskinlæring, og ei historie om korleis løyse opp i små konfliktar mellom elevar som alltid har hengd saman. Historietime Og så var det innlegget til Simen Spurkland. Kanskje kveldens høgdepunkt. Der han tok tilhøyrarane med på ei lita reise i NKUL si 30-årige historie. Presenterte programtitlar som: «Trådlaus eller handhaldt mikrofon - ven eller fiende?» Kva år var det? Og denne svært aktuelle frå tidleg på 2000-talet: «Control V Control C - ikkje all plagiering er juks». Då kan ein trygt seie at stemninga steig til nye høgder i den fullsette salen. Før han følgde opp: – Eg har jobba som lærar i 24 år, og jobba digitalt omtrent like lenge. Det er akkurat desse digitale verktøya som gjer meg i stand til å vere ein betre lærar. Tek ein det frå meg, kjem eg til å slutte i jobben min. Det evige spørsmålet På aller første Teachmeet under NKUL, tilbake i 2014, var Spurkland også med. Då snakka han om dei to favoritt-appane sine i klasserommet. Det var Two Eyes og Two Feet. – Dei er like store favorittar ti år seinare. For det eg gjer aller mest er å gå rundt i klasserommet og utnytte den tida som eg har, for å skape relasjon til kvar einskild elev. Der digitale verktøy gjer meg betre i stand til å sjå prosessen. Kvar elev er unik. Kva som er eleven sitt beste, er det sentrale spørsmålet i all undervisning. Same kva verktøy du vel, må du svare på det spørsmålet. På kvar einskild elev sine vegner. Kvar einaste dag. Det er jobben vår. Amen. Andreas Siljeholt Høidal frå Vaksenopplæringa debuterte på Teachmeet, under si aller første deltaking på NKUL. Jone Nyborg, NDLA, var oppteken av transkribering og teksting av små filmar. – Bruk det. Eg har sjølv fått så mykje fint frå andre. No er det min tur til å gje attende, fortel Gry Jacobsen. NPeD sine eigne Lars J. Liknes og Ilka Nagel på scena, før Magnus Nohr (t.v.) starta opp det første av to innlegg. NKUL-historietime med Simen Spurkland. Green Screen er spennande, tykkjer Øyvind OpheimRise.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==