SkoleMagasinet nr2

20 N K U L 2 0 2 4 S K O L E M A G A S I N E T 2 / 2 0 2 4 – Engasjerte sesjonar, fine tilbakemeldingar og godt håp om at dette var starten på noko nytt og viktig for barnehagesektoren, smiler Ståle Skagen oppsummerande. Han er sjølv pedagogisk leiar i Ila barnehage, og medlem av programkomiteen i NKUL. Skagen er også kjent for å vere ein særs aktiv kurs- og føredragshaldar. Veldig ofte i kompaniskap med kollega Geir Valøen. Saman kom dei i fjor ut med boktittelen «Kom i gangmed digitale verktøy i barnehagen». Dei har også motteke tre nasjonale prisar for arbeidet sitt. Mellom anna Gullepleprisen frå NPeD i 2020. Tøffe tider Fram til og med 2021 var det ein konferanse som heitte «Digital Arena Barnehage», som vart arrangert i seks norske byar. Sidan har det vore stille. – Eg har diskutert det ei stund med prosjektleiar Irene Thangstad Andersen, og vi fann ut at dette måtte vi prøve å få gjort nokomed. Det enda med eit eige barnehageprogram to av tre NKUL-dagar, og kring 70-80 deltakarar frå store deler av landet. Det er ikkje til å leggje skjul på at barnehagesektoren slit med rekruttering. Vikarbyråa er Spennande start for barnehagesporet Etter nokre år der det knapt har vore ein einaste møteplass for dei som ønskjer å dele erfaringar i bruk av digitale verktøy i barnehagen, fekk dei i år eit eige spor på NKUL. Vidar Alfarnes (tekst og foto) også tomme for folk, og det er ikkje lett å sende tilsette på kurs og konferansar. Ekstra viktig –Men vi må ikkje gløyme at barnehagane har klare styringsdokument som seier at vi skal jobbe med digitale verktøy. I desse dagar er det ekstra viktig å få fram bodskapet om at slik bruk på ingen måte er pasifiserande, eller hindrar den motoriske utviklinga til barna. Brukt rett er dette berre med på å utvide den totale verktøykassa for å skape endå fleire gode opplevingar i barnehagekvardagen, slår Skagen fast. I sin opningstale til årets NKUL snakka ordførDet nye barnehagesporet Her har vi samla svært mange av deltakarane under årets NKUL. – Tilbakemeldingane er gode. Målet er at dette skal bli ein del av NKUL i åra som kjem, seier initiativtakar Ståle Sagen. Minisymposiet om profesjonsfagleg digital kompetanse i barnehagen, torsdag før lunsj. aren i Trondheim, Kent Ranum (H) varmt om det dei har fått til i Ilebekken barnehagar (som også inkluderer Ila). – Det er ikkje første gong vi vert dregne frem i festtalar. Men det stoppar der. Tenk omvi også kunne fått nokre ekstra midlar til innovasjonsarbeidet vårt. Rett og slett kopla oss meir på kommunen. For det er ingen tvil om at vi har folk med svært stor kompetanse på det digitale feltet. Trondheim som kommune er like fullt langt i bakleksa når det kjem til digitalisering innanfor barnehagesektoren. Veldig mange kommunar har kome milevis lenger, melder Ståle Sagen.

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzODg5MA==